Meteorologane varslar sydenvarme i Sør-Noreg
Frå torsdag kan det bli temperaturar over 25 grader i Sør-Noreg. Kan vi slå septemberrekorden på 28,6 grader frå Drammen i 2021, spør meteorologane.
Årsaka til varmen er at det mellom lågtrykk i vest og høgtrykk i aust blir trekt veldig varm luft sørfrå nordover til Sør-Noreg frå torsdag.
I skrivande stund er Yrs prognose 27 grader i Oslo torsdag ettermiddag. (©NPK)