Illustrasjonsfoto: Kjell Herskedal/NTB/NPK.

Mest vindkraftutbygging i Noreg

Noreg bygde ut mest vindkraft på land i heile Europa i fjor.

Tala kjem fram i ei fersk melding frå vindkraftorganisasjonen Wind Europe, omtalt av E24.

Noreg toppar lista over landa som installerte mest vindkraft på land i Europa i fjor, med 1,5 gigawatt (1.500 megawatt). Nederland installerte litt meir, om ein også reknar med havvind.

Tyskland og Spania kom like bak med 1,4 gigawatt, følgt av Frankrike med 1,3 gigawatt. For Tysklands del var dette den lågaste installerte kapasiteten sidan 2010.

Det blei totalt installert 14,7 gigawatt (14.700 megawatt) vindkraft i Europa i fjor, av dette var 80 prosent landbasert vind. Totalt har EU no installert 220 gigawatt vindkraft, fortel Wind Europe.

(©NPK)