Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Mest sjukefråvær hos barnehagelærarar

Barnehagelærarar er yrkesgruppa med mest sjukefråvær. Dei vanlegaste helseplagene er ryggplager, nakkesmerter og hovudverk.


Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at barnehagelærarar har gått forbi sjukepleiarar med mest sjukefråvær, ifølgje Første steg , medlemsbladet for barnehagelærarar i Utdanningsforbundet.


Barnehagelærarar har rundt 900 sjukefråvær per 1.000 tilsette totalt i året. Sjukepleiarar har i overkant av 700, det same talet som assistentar i barnehage og skule, som er gruppa med tredje mest sjukefråvær.


Ryggplager, nakke- og skuldersmerter og hovudverk blir oppgitt som dei vanlegaste helseplagene for barnehagelærarar.


Ei rekke barnehagelærarar oppgir nedsett høyrsel som ei betydeleg helseplage. 24 prosent seier dei slit med nedsett høyrsel og øyresus, og halvparten meiner det er på grunn av jobben.


I tillegg har 14 prosent av barnehagelærarane vorte utsette for vald og truslar om vald.


– Sannsynlegvis handlar det om at dei blir slått og sparka av barn. Dei fysiske skadane og truslane mot eiga helse er kanskje ikkje alvorlege, men det betyr at utagerande barn kan opplevast som ei belasting, seier overlege Hans Magne Gravseth ved Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse (NOA), som er ei avdeling av STAMI. (©NPK)