Merete Helgheim tok gull i 3000 m kappgang og sette ny krinsrekord (Foto: Eigil Instebø).

Merete Helgheim vann NM-gull

Merete Helgheim frå Gloppen Friidrettslag vann gull.

Ho deltok i 3000 meter kappgang under NM i friidrett på Askøy. Ho gjekk inn til tida 13,39.81 som er ny pers med seks sekund og ny krinsrekord. Ein veldig god prestasjon, seier lagleiar Jørund Årdal.
- Eg brukar å gå ut i eit tempo som er slik at eg greier å halde det heilt inn, seier Merete. Det greidde ho og fortel at ho ikkje har like mykje trening bak seg denne sesongen. Det er den einaste gullmedaljen til fylket til no.
I tilegg vart det sølv til Steinar Kleppe i sleggje og bronse til Trude Raad i same øving.
GFIL sine utøvarar har prestert godt og jamt over fått ut det dei er gode for. Unntaket er Thomas Mardal som persa seg med seks meter med seniorsleggje i dag. Det heldt til ein sjetteplass med resultatet 59,07.

NM vert avslutta i morgon med m.a. diskos der Elin Isane, Else Lundestad Bakkelid og Trude Raad skal i ringen.