Grimsdalshytta. Foto: Kari Merete Horne/DNT.

Meir lokal mat på DNT-hytter

Denne sommaren har Den Norske Turistforening og Norges Bondelag samarbeidd om å auke bruken av lokale råvarer på turisthytter.

DNT meiner berekraftig mat, naturopplevingar og matopplevingar går hand i hand og har fått Bondelaget med på laget i eit spesielt matprosjekt. Offisiell bondelagskokk, Halvar Ellingsen, har i år vore innom Aurlandsdalen turisthytte, Grimsdalshytta og Stranddalen turisthytte i Ryfylkeheiane for å gi tips og råd.

– Dette er eit fint prosjekt, og eg håper dei tre hyttene har hatt utbytte av det, seier kokk Halvar Ellingsen på nettsidene til Bondelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besøka har inspirert til å bruke kortreiste råvarer og produkt i endå større grad – og på ein endå betre måte. Turistforeiningshyttene har ulike utfordringar, for eksempel logistikk og lagerkapasitet.

Mange DNT-hytter samarbeider med lokale bønder om beiting, dyrehald og råvarer.

– Det bør kjennast på smaken kvar i landet du er, og kva sesong det er. Derfor samarbeider vi med DNT om meir lokal og berekraftig mat, seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag.

(©NPK)