Vi er i ferd med å runde 5.000 flyktningar busett i kommunane. Det er like mange som vi busatte i heile fjor, seier IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn. Foto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Meir enn 1.000 ukrainske flyktningar busett i norske kommunar

1.094 flyktningar frå Ukraina har flytta til ein kommune, ifølgje tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, skriv VG.

Dei neste vekene vil kommunar over heile landet ta imot mange tusen ukrainske flyktningar.

– No går busetjinga i rekordfart, seier direktør Libe Rieber-Mohn i IMDI, Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet, til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman er no 4.938 flyktningar anten busett eller på veg til å bli busett dei neste dagane og vekene, ifølgje avisa.

2.895 er søkt ut til kommune og er snart i flytteprosess, og 949 er søkt ut til kommune som enno ikkje har svart. I tillegg er det busett 2.405 flyktningar frå andre land enn Ukraina.

– Så lenge viljen er stor ute i kommunane, går busetjinga raskt. Vi er i ferd med å runde 5.000 busetjingar. Det er like mange som vi busette i heile fjor, seier Rieber Mohn.

Sidan 25. februar har det komme 15.792 søknader om asyl i Noreg frå ukrainske borgarar, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). I tillegg har det komme rundt 1.000 asylsøkjarar frå andre land.

(©NPK)