Naturvernforbundet har hatt stor medlemsvekst og fått inn mykje pengedonasjonarar etter dommen i Førdefjorden-søksmålet. LeiarTruls Gulowse seier organisasjonen treng all støtta den kan få. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Medlemsstraum for Naturvernforbundet etter Førdefjorden-dommen

Naturvernforbundet melder om medlemsvekst og pengedonasjonar etter tapet i søksmålet om sjødeponi for gruvedrift i Førdefjorden.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom gjekk på eit nederlag då Oslo tingrett onsdag ettermiddag slo fast at dei ikkje får medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig.

I løpet av nokre timar fekk Naturvernforbundet meir enn 200 nye medlemmer, og sidan måndag har 341 personar meldt seg inn, skriv organisasjonen i ei pressemelding torsdag ettermiddag. I tillegg fekk organisasjonen onsdag inn nesten 80.000 kroner på Vipps og meir enn 40.000 i andre donasjonar, heiter det vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar Truls Gulowsen seier at Naturvernforbundet «trenger all den støtten vi kan få». Organisasjonane er dømde til å betale sakskostnader på 1,4 millionar kroner.

– Denne dommen er eit angrep på rettssikkerheita til naturen. Kven tør å gå til søksmål mot staten no, når risikoen er så stor, spør Gulowsen. (©NPK)