Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge annonserte ny medlemsrekord i mållaget på si Facebook-side då medlemstalet passerte 15.600 medlemmer i dag. Foto: Jannica Luoto/Noregs Mållag.

Medlemsrekord for Noregs Mållag

– Vi passerte i dag 15.600 medlemmer, skriv mållagsleiar Peder Lofsnes Hauge på si Facebook-side.

Det er det høgste medlemstalet sidan 1985. Berre innan det siste døgnet var 112 nye medlemmer registrerte og Mållaget kunne endeleg feire ny rekord.

Dette er ei målsetjing som verka uoppnåeleg tidlegare i haust skriv Mållaget på nettsidene sine. Etter at tildelinga av årets nobelpris i litteratur gjekk til Jon Fosse vart annonsert auka medlemstalet hos Mållaget med 1200 nye medlemmer.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Ofte vender folk seg til Mållaget når nynorsken er truga, men denne gongen er det ekstra stas at dei melder seg inn fordi det er noko å feire. Fleire medlemmer gjev styrke til målreisinga, sa Hauge då. (©NPK)