Redningsaksjon med helikopter. (Illustrasjonsfoto)

Måtte hentast i helikopter

Ein skiløpar måtte hentast ned med helikopter etter å ha skada kneet ved Høgenibba i Hornindal søndag.

Politiet rekvirerte første hjelpekorpset med scooter, men dei måtte snu 500 meter frå personen fordi terrenget vart for bratt for scooteren. Etter kvart vart personen henta ut med helikopter og sendt til Eid sjukehus, sterkt nedkjølt.

Tre personar var involverte i ein kollisjon på fv60 i Loen. Ein av dei hadde smerter i ribbeina. Alle naudetatar var kalla ut og vegen var stengd eit kvarters tid medan bilberging føregjekk. Ein av førarane fekk inndratt førarretten i samband med ulukka.

Ein bil køyrde av vegen og i tunnellveggen i Hornnestunnelen i Førde søndag ettermiddag. Det var to personar i bilen, ein sa han hadde vondt i nakken. Politi og ambulanse køyrde ut først, men så at bilen lag kalla også ut brannvesenet.

På E39 ved Håheim i Jølster fekk 18 sjåførar fartsbot i ein kontroll søndag ettermiddag. Høgste farta var 83 km/t i 60-sona.

På E39 i Kusslia i Førde fekk fire sjåførar forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Høgste farta var 78 km/t i 60-sona.

På rv5 ved Evja i Florø var det promillekontroll søndag. 53 førarar kontrollerte, ingen utslag.