Dagleg leiar Cristiano Aubert ved Matsentralen Oslo seier at dei så langt i år har delt ut 1.850 tonn med mat gjennom den frivillige organisasjonen. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Matsentralane slit med å få tak i nok mat til jul

Sidan sommaren 2022 har matsentralane over heile landet opplevd ein stor auke i behovet for mathjelp.

Dagleg leiar Per Christian Rålm i Matsentralen Norge seier til Dagen at det er snakk om ei dobling i etterspurnaden sidan då.

Pågangen har gjort sitt til at det i periodar har vore vanskeleg å skaffe tilstrekkeleg med mat til sentralane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den veldige pågangen er venta å auke i november og desember. Vi har stått i eit konstant trykk sidan dette eksploderte for alvor i fjor haust. Når vi går inn i advents- og juletida, set vi alle krefter inn for å hjelpe så mange som mogleg. Det er ekstra krevjande å ha pressa økonomi på denne tida av året, seier Rålm til avisa.

Dagleg leiar Christiano Aubert ved Matsentralen i Oslo seier at dei så langt i år har delt ut 1.850 tonn med mat gjennom den frivillige organisasjonen.

Han fortel at det tidvis kan vere tynt med mat på lagera og i kjøleromma ved sentralen i hovudstaden, og at behovet rett og slett er større enn sentralen klarer å dekkje.

– Det varierer sjølvsagt ein del frå dag til dag kor mykje eller lite vi har inne, men det er alltid ein evig kamp å få inn nok og ikkje minst næringsrik mat, seier Aubert. (©NPK)