Matamål nummer fem startar for fullt onsdag

Fylkets beste heimebrygg skal kårast og mykje god lokalmat skal smakast på. Onsdag opnar Matamål-festivalen for fullt.


 


Av Benedikte Grov


– Det blir mykje spennande, både for store og små, lovar festivalsjef Sigmund Vereide før Matamål blir sparka i gang for fullt onsdag.

Gode tradisjonar og nye innslag

Filosofien til Matamål er knytt til tradisjonar og tradisjonsmat. På same måte vil også festivalen halde på og utvikle tradisjonar som fungerer godt, fortel Vereide. Samtidig prøver arrangørane å passe nye innslag inn i programmet. Og dei er det fleire av i år.

– Vi samarbeider med Heimekontoret for den gode smak. I år fornyar dei seg med champagnesmaking. I fjor stilte dei med mat og vin, men no har dei laga eit nytt og spennande konsept, seier Vereide.

– Vi held også på ølsmakingskvelden på Gloppen Hotell. Det var nytt i fjor og ein kjempesuksess, fortel han.

Mange har allereie meldt seg på til ølsmaking fredag kveld, og Vereide seier ein må vere om seg for å sikre seg plass. Fire bryggeri stiller med øl og Gloppen Janitsjar syter for musikken.

Les meir i papirutgåva onsdag.