Mann omkom etter kajakktur

Tysdag kveld blei ein mann i 30-åra funnen og henta opp av sjøen i Kinn kommune etter å ha blitt meld sakna av pårørande. No er han stadfesta omkomen.

Mannen blei meld sakna klokka 18:29 tysdag kveld. Han hadde reist ut på ein kajakktur og skulle padle i området Brandsøysundet – Klavfjorden – Solheimsfjorden. Då han ikkje kom tilbake frå turen, melde pårørande frå til politiet.

Ein redningsaksjon blei sett i verk. Personen blei funnen livlaus i sjøen kl. 19:15 og frakta til Haukeland sjukehus med redningshelikopter.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei pressemelding onsdag føremiddag melder Vest politidistrikt at mannen døde i natt.

Dei pårørande er varsla.