Mann i 40-åra sakna etter brann i Sogn – bustaden er nedbrunnen

Ein mann er ikkje gjort greie for etter at eit bustadhus brann ned i Høyanger i Sogn natt til torsdag.

Mannen er den einaste som er registrert på adressa, opplyser politiet. Politiet har ingen indikasjonar på at det har vore fleire i bustaden som brann.

– Vi kan ikkje utelukke det heilt, men har ingen opplysningar om det, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad i Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet varslar at bustaden er fullstendig nedbrunnen. Det har ikkje vore mogleg å gjere undersøkingar på åstaden. Det skal takast ei ny vurdering på det i morgontimane.

Dei næraste pårørande til mannen som er sakna, er varsla. Brannårsaka er ikkje kjend.

Sivilforsvaret vart beden om å hjelpe til i sløkkingsarbeidet ettersom det ei stund var fare for spreiing til vegetasjon i terrenget.

Politiet vart varsla om brannen klokka 23.02. (©NPK)