Mann funnen etter leiteaksjon

Ein mann i 40-åra er funnen i god behald etter å ha vore meldt sakna på Byrkjelo måndag kveld.

Klokka 17.30 vart mannen meldt sakna etter at han ikkje kom heim frå rypejakt. Det vart sendt ut redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshundar og Norsk Folkehjelp.

Like før klokka 20.00 opplyser politiet til NRK at mannen er funnen i god behald.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viste seg at personen hadde mista telefonen i eit vatn og ikkje fekk ringt og gitt beskjed, seier Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, til statskanalen.