Utsikt frå Engebøfjellet i Naustdal i Vestland, kor Nordic Mining har planar om gruvedrift. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Manglar midlar til gruveprosjekt i Engebøfjellet

Nordic Mining har fått ja til gruvedrift i Engebøfjellet ved Førdefjorden. Selskapet jaktar no investeringsmidlar på tre milliardar kroner.

– Sjølv om prosjektet ikkje er veldig stort samanlikna med oljeindustri, treng vi internasjonal finansiering for å få det på plass, seier direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, til NRK.

Gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal på Vestlandet har skapt sterk motstand blant miljøaktivistar fordi det medfører dumping av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden. Nordic Mining skal vinne ut både rutil og granat i fjellet. Rutil vert mellom anna brukt til utvinning av porselensfargar og titanmetall, medan granat til dømes blir brukt i slipeutstyr.

(©NPK)