Mangellappar og bruksforbod

Statens vegvesen gjennomførte tungbilkontroll på Kjøs måndag.

To køyretøy betalte ikkje rett vektårsavgift. Det blir sendt rapport til skatteetaten.

Eitt køyretøy måtte få smurt svingskiva før vidare køyring.

Fem køyretøy fekk teknisk mangellapp. Dette gjekk på bremser, frontrute og underkøyringshinder.

To køyretøy fekk bruksforbod.