Liv Signe Navarsete (Sp) gir seg som stortingsrepresentant etter 16 år.Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Mange stortingspolitikarar i vest droppar attval til Stortinget

Ei rekke profilerte politikarar vil ikkje ta attval til Stortinget i 2021. Stortingsbenkane til dei tre vestlandsfylka får store utskiftingar.

– Eg trur det kan komme mange nye representantar inn på Stortinget ved valet neste år, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning til NTB.

Nominasjonsfristen i fleire fylkeslag i mange parti har no gått ut, og ei førebels oppteljing frå NTB syner at av 169 representantar har 30 så langt meldt at dei ikkje vil halde fram på Stortinget. 84 har sagt at dei stiller seg til disposisjon for ein ny periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlands-utskiftingar

Av dei fire som representerer gamle Sogn og Fjordane på Stortinget vil berre ein ta attval. Blant dei tre som gir seg er tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete som har sete 16 år på Stortinget.

– Politiske verv er ikkje eit levebrød. Du skal ikkje halde på med det i det uendelege, og verv skal gå på rundgang, sa Navarsete til NRK tidlegare i vår.

Også Ingrid Heggø (Sp) og Frida Melvær (H) har meldt at dei ikkje tar attval til Stortinget. Tore Storehaug (KrF) er den einaste representanten frå gamle Sogn og Fjordane som tar attval.

I gamle Hordaland blir det òg nokre utskiftingar på stortingsbenken. Av dei 16 representantane frå det gamle vestlandsfylket har så langt tre meldt at dei ikkje tar attval. Dei tre er Jette Christensen og Magne Rommetveit frå Arbeidarpartiet og den gamle KrF-leiaren Knut Arild Hareide.

– Eg ønskjer framleis å bidra aktivt til KrF, men no er det naturleg at eg som avgått partileiar går inn i ei anna rolle. Det har Dagfinn, Valgerd og Kjell Magne gjort. Dei har vore støttande overfor meg som partileiar. No ønskjer eg å ta den type rolle etter valet i 2021, sa Hareide til NRK i oktober i fjor.

Tre ut i Rogaland

Også på Rogalands-benken blir det utskiftingar. Av dei 14 som i dag representerer fylket har tre signalisert at dei ikkje ønskjer attval. Blant dei er helseminister Bent Høie – som i inneverande periode har hatt ein vara på Stortinget.

– Eg tar ikkje attval til Stortinget i 2021, og er utnemnt til Fylkesmann i Rogaland. Eg stiller derfor ikkje til attval som 2. nestleiar i Høgre. Eg er utruleg takksam for å ha fått moglegheit til å vere ein del av leiinga i Høgre i så mange år, og er veldig glad for å sjå at det er så mange flinke folk i partiet som kan overta, sa Bent Høie i ei pressemelding i desember.

Også Solfrid Lerbrekk (SV) og Solveig Horne (Frp) har sagt at dei ikkje tar attval.

Artikkelen held fram under annonsen.

33 prosent utskifting i nordvest

I Møre og Romsdal har tre av ni representantar sagt at dei ikkje ønskjer attval til Tinget.

Det dreier seg om Else-May Norderhus frå Arbeidarpartiet, Marianne Synnes Emblemsvåg som representerer Høgre og Steinar Reiten som sit på Stortinget for Kristeleg Folkeparti.

– Det ligg ingen dramatikk i at eg trekker meg tilbake frå rikspolitikken. Eg vil prioritere familien og gå tilbake som ungdomsskulelærar på Averøya, sa Reiten til Romsdals Budstikke i januar.

Store namn på veg ut

Ser ein på resten av fylka finn vi òg ei rekke profilerte politikarar på veg ut.

Arbeidarpartiet misser representantar som Marianne Marthinsen, Martin Henriksen og Dag Terje Andersen.

I Høgre har statsråd Frank Bakke-Jensen og tidlegare stortingspresident Olemic Thommesen sagt at dei ikkje er aktuelle for ein ny periode.

Venstre-leiar Trine Skei Grande har òg gitt beskjed om at ho gir seg.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Helseminister Bent Høie (H) tek ikkje attval til Stortinget i 2021. Han er utnemnd til Fylkesmann i Rogaland. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK
Steinar Reiten (KrF) gir seg på Stortinget etter ein periode. Arkivfoto: Ryan Kelly / NTB scanpix/ NPK
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) tek ikkje attval til Stortinget i 2021. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK