Skred på riksveg 7 ved Eidfjord. Foto: Statens vegvesen.

Mange stengde vegar på Vestlandet

På grunn av flaum, sørpe- og jordskred er det mange vegar som er stengde i Rogaland og i Vestland.

– Vurder nøye om du må ut på vegen. La helst bilen stå, oppfordrar Statens vegvesen.

– Det er svært krevjande køyreforhold og fleire vegar kan stenge på kort varsel. Det kan ta tid før vegane opnar igjen. Dette fordi vi må vareta sikkerheita for dei som skal undersøke og rydde opp etter eit skred. Det kjem fortsatt mykje nedbør og det kan gå nye ras på same stad, skriv vegvesenet i ei pressemelding laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mykje vatn og stor fare for vassplaning. Dette kan kome brått på. Viss trafikantar kjem til eit skred, er det best å snu og køyre tilbake. Dette for trafikantane si eiga sikkerheit, og det vil ta tid før vegen opnar igjen.

Viss ein må ut og reise, sjekk www.vegvesen.no/trafikk som har oppdatert informasjon om situasjon på vegane til ei kvar tid. Det same gjeld for appen «Vegvesen Trafikk».