Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Mange gir opp naturbasert reiseliv





Det er optimisme blant dei som tilbyr naturopplevingar til turistar i Noreg, men stor utskifting vitnar om ein tøff bransje, konkluderer ein ny rapport.





Naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg genererer opp mot åtte milliardar kroner i omsetnad kvart år, viser rapporten frå forskingsprosjektet Biotour ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).





Den landsdekkjande undersøking av naturbaserte reiselivsbedrifter viser at det er mellom 2.000 og 3.500 naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg. Dei fleste er i dei tre nordlegaste fylka Nordland, Troms og Finnmark.





Dei tre mest populære produkta som blir tilbode er fiske, vandring og båt utan motor.





Omset for milliardar





Dei naturbaserte reiselivsbedriftene har ei gjennomsnittleg årsomsetjing på 2,3 millionar kroner frå naturbasert reiseliv. Det gir mellom 4,6 og 8,1 milliardar kroner i omsetjing, basert på funna i rapporten.





– Resultata er spesielt viktige for offentleg forvalting som lagar rammeverket for bedriftene, men rapporten er også ei kunnskapskjelde for bedriftene og organisasjonane dei er med i. Den synleggjer næringa og kva den bidreg med nasjonalt og lokalt, seier Biotour-forskar Stian Stensland i ei pressemelding.





Rapporten viser også at det er vanskeleg å finne ut kor mange som driv med naturbasert reiseliv. Årsaka er at mange kombinerer det med andre typar næring, som landbruk, fiskeri eller at dei har det som ein deltidsjobb.





Vil finne årsaka til nedlegging





Eit mål med Biotour-prosjektet er å finne ut kva vilkår som trengst for naturbasert reiseliv i Noreg som sikrar næringsutvikling, sterke lokalsamfunn og berekraftig ressursbruk.





No vil forskarane i prosjektet ta funna vidare og kartleggje årsakene til at så mange naturbaserte reiselivsentreprenørar sluttar etter kort tid.





– Det naturbaserte reiselivet er ei ønska næring. Er det mangel på nettverk, kompetanse, finansiering eller andre høve som gjer at folk sluttar? Med meir kunnskap om årsakene kan verkemiddelapparatet setje inn målretta tiltak, seier Stensland.





NHO Reiseliv trur årsakene til at mange gir opp, kan vere mange. For det er krevjande å starte bedrift.





– Ein skal læra seg alt på ein gong, både å byggje bedrift og å kome ut i marknaden. Å få til heilårsdrift med stabile inntekter kan også vere vanskeleg for mange. Bransjen består av mange tilbydarar som er avgrensa av sesong, dermed kan det ta tid, seier bransjesjef Dagny Øren i NHO Reiseliv. (©NPK)