Mange fekk med seg storfloda torsdag føremiddag. Både barnehagar og skular hadde teke turen ned til fjorden.

Mange fekk med seg storfloda

Både barnehagar og skular hadde funne vegen til fjorden for å sjå då floda var på det høgaste torsdag. På sjøkanten i Sandane sentrum fekk dei med seg at vatnet så vidt skvulpa inn over stølvar og sko.

Det vart ikkje fullt så høg sjø så meldt, men nok til at «parksjef» Knut Roger Nesdal hadde vore uroa heile føremiddagen for korleis vatnet ville slå inn over Grandeparken og brua over Fargarelva.



- Det var jammen nære på. No er eg glad for at vi heva den med dei ti centimeterane vi til slutt gjorde, seier ein særs nøgd Nesdal. Parken klarte seg greitt, og vatnet var berre nokre fingerbreidder frå å nå opp i brua.

Det er så langt ikkje meldt om skader etter springfloda, og lukka var nok at det var stilt både på sjøen og i lufta medan floda var på det høgste rundt klokka halv elleve torsdag føremiddag.

Knut Roger Nesdal hadde vore spent heile føremiddagen for korleis høgvatnet ville ta Grandeparken.
Vatnet gjekk heilt opp til strandpromenaden i Sandane sentrum.
Mange møtte opp for å sjå springfloda torsdag føremiddag.
Nausta langs Storelva har vorte nær eit målepunkt for kor høgt sjøen står ved springflod.
Holvikejekta hadde vatn under kjølen for første gong på lenge, men gjekk stort sett klar væta.
Ved buda og plassen på sjøsida ved Bygger'n på Sandane var det rydda og klart for overvatn.
Då høgdepunktet var over gjekk folk heim.