Politiet har hatt kontroll. (Illustrasjonsfoto)

Mange fekk fartsbot

Tretten bilførarar har fått fartsbot i ulike kontrollar siste døgnet.


Ti førarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll UP hadde på E39 i Kusslia i Førde måndag ettermiddag. Høgste fart i 60-sona var 79 km/t.

To sjåførar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll på rv5 ved Knapstad i Flora måndag kveld. Her var høgste fart 102 km/t i 80-sona.

I 80-sona på rv5 i Botnastranda i Flora litt tidlegare måndag kveld fekk ein person forenkla førelegg etter å ha halde 96 km/t i 80-sona.



I morgontimane tysdag melder Statens Vegvesen at rv614, ferjestrekninga Isane-Stårheim, er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem. Litt før klokka ti er ferja tilbake i oppsatte ruter.



Politiet tipsar elles om at om nokon ringer og seier at dei er frå Microsoft, så må ein ikkje gje frå seg nokon form for opplysningar.

– Ikkje gå inn på ein lang samtale, legg heller på. Dette er svindel, Microsoft ringer ikkje opp kundane sine, skriv politiet på Twitter.