Å få studentsamskipnadene til å følgje mållova vil gjere det lettare for nynorskbrukarar å halde på nynorsken, meiner leiar Fredrik Hope i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/Norsk Målungdom.

Målungdommen krev at studentsamskipnadene må følgja mållova


Å få studentsamskipnadene til å bruke meir nynorsk er eit viktig tiltak for å få fleire til å halde på nynorsken, meiner Norsk Målungdom som krev at studentsamskipnadene må følgja mållova.


I eit brev til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, ber landsstyret i Norsk Målungdom om at lova om studentsamskipnader blir endra slik at samskipnadene blir omfatta av mållova.



– Bør følgje statleg språkpolitikk

Organisasjonen meiner det er mykje som talar for ei slik lovendring. Det blir peikt på at studentsamskipnadene spelar ei viktig rolle i og rundt norske universitet og høgskular og driv mange tilbod for studentar. Sjølv om studentsamskipnadene ifølgje Målungdommen står i ei særstilling som ein mellomting mellom eit offentleg tilbod,og ein privat og ideell aktør, blir det streka under at banda til det offentlege er sterke.


– Dei driftar mange tilbod som liknar dei offentlege tilboda, og dei er delvis finansierte over skattesetelen. Dessutan er det staten som kan opprette, avvikle og slå saman samskipnader. Studentsamskipnadene er såleis tett knytte til det offentlege, og det er difor ikkje urimeleg at dei skal følgja språkpolitikken til staten, heiter det i fråsegna Norsk Målungdom har sendt statsråden.



– Viktig for nynorskbrukarar

Den aller viktigaste grunnen til at studentsamskipnadene bør følgje mållova er likevel at dei er til for både nynorsk- og bokmålsbrukarar, meiner organisasjonen. Slik situasjonen er i dag, skriv studentsamskipnadene ifølgje Målungdommen nesten berre på bokmål. Det meiner organisasjonen er svært uheldig.


– Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, blir det vanskelegare å halde på nynorsken. Det kan verke som om språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde, skriv leiar Fredrik Hope og sentralstyremedlem Åsmund Kvifte i eit lesarinnlegg i universitetsavisa På Høyden.


Dei peikar på at mange nynorskbrukande studentar i studietida byter til bokmål. Dersom studentsamskipnadene blir underlagde mållova, trur dei at nynorsken vil bli meir synleg på universitet og høgskular og at det blir lettare for fleire å halde på nynorsken.


– Vi vil no følgje saka opp med politikarar på Stortinget, seier Fredrik Hope til Nynorsk pressekontor.


Han fortel at nokre av medlemmene i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget alt har fått tilsvarande brev som organisasjonen har sendt til statsråden. (©NPK)