Peder Lofnes Hauge samlar medlemmene til digitalt landsmøte. Foto: Jannica Luoto / Noregs Mållag

Mållaget held digitalt landsmøte

Det 101. landsmøtet til Noregs Mållag blir eit digitalt møte laurdag 17. og søndag 18. oktober.

Det er ein organisasjon i vekst som skal ha si årlege samling, som vert sendt direkte over internett frå Quality Airport Hotel ved Sola lufthamn utanfor Stavanger. Styret i Mållaget, redaksjonsnemnd og staben elles vil vere til stades på hotellet. Andre medlemmer på følgje møtet via nett.

– Siste åra har det kome til fleire tusen nye medlemer. I fjor fekk vi beste medlemstalet på 30 år, og i år er målet å nå 14.000 medlemer, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lofnes Hauge meiner medlemsauken er viktig i ei tid med mange viktige saker for Noregs Mållag.

– Denne hausten handsamar Stortinget mellom anna framlegg til ny språklov. Der har Mållaget fleire viktige tillegg som kan gjere lova langt meir effektiv for å sikre gode vilkår for både nynorsk og bokmål, seier Lofnes Hauge.

Den andre store språksaka som kjem til våren, er det varsla framlegget til ny opplæringslov.

– For landsmøtet er det avgjerande at nynorskelevane får like god opplæring som bokmålselevane i skulen. Då må vi stille klare krav til lova, seier Peder Lofnes Hauge.

(©NPK)