– Halvparten av alle som stemmer, seier at partia sine løysingar på klimakrisa vil påverke deira stemmegiving, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp i ein kommentar til ei fersk undersøking frå Respons Analyse. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Måling: Sju av ti krev auka klimainnsats

Eitt år før stortingsvalet svarer 69 prosent av dei spurde i ei fersk meiningsmåling at norske politikarar bør gjere meir for å kutte i norske klimautslepp.

– Halvparten av alle som stemmer, seier at korleis partia løyser klimakrisa, vil påverke røystinga deira, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp til NTB.

– Det betyr at det finst veljarar i alle parti som ønskjer ein meir ambisiøs klimapolitikk, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I undersøkinga Respons Analyse har gjort for hjelpeorganisasjonen, er folk i tillegg til klima spurt om kva dei meiner om bistand, koronavaksine og Oljefondet.

66 prosent av dei spurde er heilt samd i at norske politikarar har eit ansvar for at dei fattige i verda får tilgang til ein koronavaksine. Hos den eldste aldersgruppa er delen 70 prosent.

Samtidig meiner fire av fem spurde at Oljefondet allereie før fondet investerer i ulike selskap, må vurdere om selskapa møter dei etiske standardane på område som miljø og menneskerettar.

Det er gjennomgåande stor støtte hos førstegongsveljarane for alle sakene, ikkje minst det som handlar om klima.

1.075 respondentar har svart på spørsmåla i undersøkinga.

(©NPK)