Magnus (15) er klar for sitt største lastebiloppdrag

– Ryktet går frå sjåfør til sjåfør, seier Magnus Alme. Så langt har han trekt og stoppa forskjellige ting og laga til lys i rundt 35 lastebilar.

På denne bilen, tilhøyrande Ljotebø Transport i Vadheim, har Magnus lagt ned mellom 20 og 30 timar arbeid.

I kjellaren heime i Leirbrekka har den nevenyttige 15-åringen innreia eit eige rom til den store lidenskapen: lastebilar. I påvente av at han sjølv kan legge ut på landevegen med hendene på rattet, hjelper han andre sjåførar med å gjere hyttene i bilane trivelegare og meir heimekoselege.

Magnus har teikna sin eigen logo og fått laga klistremerke. Han har også t-skjorter som han gjev vekk til sjåførane som handlar med han.

Lommepengar

– Eg trekkjer ting, kler i ulike fargar, syr gardiner og lagar til diodar i tak og sider og elles der sjåførane ønskjer. Dei får det slik dei vil ha det. Har dei ein spesiell farge i bilen frå før, må dei ha same fargen. Stoff bestiller eg stort sett frå Danmark, seier Magnus og viser fram ein del av utstyret han brukar i arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gardiner med frynser, lampett, diodar og solskjermplate i knappstopp. Alt signert Magnus Alme.

I eit hjørne står symaskina rigga og klar til bruk, i eit anna er knappemaskina plassert.

– Eg har investert nokre tusen kroner i utstyr, konstaterer han og legg til at investeringane er tente inn att og vel så det:

– Det blir litt lommepengar ut av det, smiler han.

I djup konsentrasjon ved knappemaskina.

Skal trekkje ei heil hytte

Storparten av arbeidet gjer han i «lastebilrommet» i kjellaren.

– Eg lagar til alt av knappar og plater her, så monterer eg i bilane etterpå. Ofte blir dette gjort når bilar blir klargjorde hos Trucknor, men nyleg var eg til Stryn og monterte i ein Tenden-bil, og eg har vore ein heil dag hos Hafstad i Førde. Eg har også sendt knappeplate og tre lampettar med lys i til Lofoten, fortel Magnus.

540-skiltet i taket har han laga av huntonit og stoff. Dei raude lysdiodane er sirleg plasserte.

Han brukar gjerne eit par timar kvar kveld på den spesielle hobbyen sin, i tillegg til litt tid i helgane. Mindre blir det nok ikkje framover. Så snart vegane er berre, kjem ein veteranlastebil frå Sogn til Leirbrekka.

– Det er ein Scania 143. Eg skal trekkje opp att heile hytta, fortel han om det som blir det største prosjektet så langt.

Nokre av sjåførane tek av seg skoa før dei går inn i bilen. Då er ei mjuk golvmatte kjekt å ha.

– Har balla på seg

Magnus framfor to av bilane han har brukt mykje tid på.

Det er i overkant av eitt år sidan han fullførte den første innreiingsjobben sin, men interessa for lastebilar har vore der så lenge han kan hugse. At faren Lars Otto er lastebilmekanikar hos Trucknor, er ganske sikkert ei medverkande årsak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid vore interessert i lastebilar, det er berre blitt meir og meir. Eg har vore med pappsen på arbeid, har sett, spekulert og fått lære.

Dørene får eit lunare og trivelegare preg etter at Magnus har ordna litt på dei.

Faren lærte han korleis han skulle kople lys, elles er han sjølvlærd.

– På Transportmessa i Oslo i 2019 fekk eg sjå det F L BUUR, eit dansk firma, hadde laga. Eg blei imponert og inspirert, reiste heim, søkte på nettet og prøvde meg fram. Sidan har det berre balla på seg, fortel Magnus.

Symaskina er jamleg i bruk. Her er ei gardin klipt til og klar for sying.

Langtransportsjåfør

Interiørartiklane 15-åringen produserer er å sjå på som ekstrautstyr i lastebilane.

– Dette følgjer ikkje bilane, men ein av seljarane til Trucknor tilbyr det til kundane fordi han veit eg kan lage det. Det er veldig kjekt å få slik tillit, og eg er glad for å få ta del i lastebilmiljøet på denne måten, smiler Magnus.

Dette er eit miljø han har tenkt å vere ein del av også i framtida. Når 10. klasse er unnagjort til våren, er planen å gå på Teknikk og industriell produksjon (TIP) på vidaregåande skule.

– Eg vil bli langtransportsjåfør, det har eg visst ei stund, men eg ønskjer å halde fram med å trekkje og stoppe som ein hobby. Eg ser fram til å få meg bil og lage til mi eiga hytte, seier Magnus Alme.

Trekt rattdel. – Eg gjer det sjåførane ber om, då blir dei nøgde, seier Magnus.
Den eine enden av «lastebilrommet» er innreia som ein lastebilkupe. Der kan Magnus spele og «køyre» lastebil på dataskjermen.
Wunderbaum høyrer heime i ein kvar lastebil. Magnus har rikeleg...