Førebels er det eit stykke fram til at vi kan ønske turistar velkomne tilbake til Noreg, dessverre, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Mæland oppmodar folk til å planleggje ferie i Noreg

Justisminister Monica Mæland (H) trur ikkje på utanlandsferie i juni. – Ikkje legg slike planar no, åtvarar ho og ber heller folk planleggje ferie i Noreg.

Mange har augna håp om utanlandsferie i sommar. Men justisminister Mæland er tydeleg på at du ikkje bør leggje slike planar no.

– Eg ville nok ikkje tilrå å planleggje ferie i utlandet i juni. Men det er UD som gir reiseråd, og vi vil jo sjå på både smittesituasjon i Europa og resten av verda. Men eg ville ikkje ha planlagt for det, seier Mæland til TV 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommaren bør brukast på noregsferie, oppmodar Mæland.

– Vi oppmodar nordmenn til å feriere i Noreg, og det såg vi at dei gjorde i fjor. Førebels er det eit stykke fram til at vi kan ønskje turistar velkommen tilbake Noreg, dessverre.

Onsdag orienterer statsminister Erna Solberg (H) om den gradvise gjenopninga av samfunnet. Mæland seier dagens innreisereglar vil vare ei stund.

– Vi kjem framleis til å ha veldig, veldig strenge restriksjonar for innreise, seier justisministeren.

Dei einaste unntaka gjeld samfunnskritisk personell, barn som skal ha samvær med foreldre, nokre dagpendlarar, og dessutan helsepersonell.

– Det kjem til å ta tid før vi opnar for innreise, rett og slett fordi tiltaksbyrda for folk som bur i Noreg er veldig stor. Eg trur at alle som vil til Noreg, i veldig lang tid framover, må belage seg på strenge karantenereglar, karantenehotell og testeregime, seier ho.

(©NPK)