Leiar i Breim Sau og Geit, Vidar Sandal (t.v.) og sauebonde Asle Jonny Flølo oppmodar på det sterkaste hundeeigarar om å passe godt på hundane sine og respektere bandtvangen.

– Må passe på hundane sine

– Alt tyder på at det er hund som har vore på ferde. Hadde det vore større rovdyr, hadde lammet mest truleg ikkje vore i live, seier Asle Jonny Flølo og Vidar Sandal.

Dei viser fram bilete av eit lam som har tydelege bitemerke i kjake- og kjevepartiet. Flølo fann lammet torsdag etter tips frå ein turgåar. No oppmodar dei alle hundeeigarar om å respektere bandtvangen som varer fram til 15. oktober.

– Dette lammet var i live og gjekk saman med mora. Eit anna dyr halta. Det er også funne eit sprengt lam i det same området. Det var skum og blod ut kjeften og nasa på det, fortel Asle Jonny Flølo.

Les heile saka i papirutgåva måndag.