Bjarte Gangeskar, Arnfinn Brekke og Svein-Ottar Sandal røysta for å gjennomføre nye sonderingar med tanke på å få til ei kommunesamanslåing i midtre og indre Nordfjord.

– Må ikkje setje oss på sidelinja

– Om Eid og Stryn går i dialog, må ikkje vi setje oss på sidelinja. Det vil vi ikkje vere tente med. Eg vil difor fremje forslag om at vi tek oppmodinga frå fylkesmannen på alvor og at vi startar sonderingar med Eid og Stryn om kommunesamanslåing, seier Bjarte Gangeskar (V).

Fylkesmann Anne Karin Hamre har rådd dei tre kommunane Eid, Gloppen og Stryn til å gå i dialog med sikte på å finne saman i ein storkommune.

Saka vart debattert i Gloppen formannskap måndag. På førehand hadde rådmann Jan Kåre Fure rådd politikarane frå å ta opp att drøftingane om ein felles kommune i midtre og indre Nordfjord. Bjarte Gangeskar var av ei litt anna oppfatning. Han meinte det var kome ein del nye moment i saka, og ønskte å gå i dialog med Eid og Stryn.

Varaordførar Magni Aa Berge (Sp) støtta derimot ikkje forslaget hans.

– I utgangspunktet ville eg meine det var ein god idé å snakke med fleire kommunar i Nordfjord om kommunesamanslåing. Eg var for ei samanslåing med Eid, men respekterer folkeavrøystinga som vart gjennomført der eit fleirtal sa nei til samanslåing. Kommunestyret ønskte heller ikkje noko samanslåing. Vi kan ikkje vedta her i formannskapet at vi skal bruke meir tid og ressursar på denne saka. Det må i så fall opp i kommunestyret. Eg vil gå for rådmannen si tilråding, og meiner at vi i alle fall må vente til vi er ferdige med regionreforma før vi går i nye drøftingar. Å samarbeide i Nordfjord meiner eg er kjempeviktig. Klimaet for samarbeid er godt, og det kan vi ta med nokre ord om i vedtaket vårt, meinte ho.

Fleirtalet i formannskapet sa nei til å gå i nye samtalar med nabokommunane med sikte på å få til ein storkommune.

Les meir i papirutgåva onsdag.