Må i fengsel etter råkøyring

Ein mann i tjueåra frå Sogn er dømd til 36 dagar fengsel utan vilkår for å ha køyrd i 144 km/t i ei 60-sone.

Dette skjedde i Gaular tidleg juni i år. Mannen tilstod i retten. Den høge farten var i eit område med bustadhus, men utan gangfelt. Ved så høg fart ein lys sommarkveld, med folk og dyr utandørs, er skadepotensialet stort, står det å lese i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Mannen vert fotgjengar dei neste 36 månadane, og må ta ny førarprøve.