Vestland fylkeskommune har sett av 800.000 kroner til frivillige organisasjonar som vil rydde plast. Illustrasjonsfoto: Thea Båtevik /Fjordane friluftsråd.

Lyser ut 800.000 kroner til å rydde plast i Vestland

Vestland fylkeskommune inviterer ikkje-kommersielle, frivillige organisasjonar og stiftingar til å søkje tilskot til plastrydding i 2023.

Fylkeskommunen har sett av 800.000 kroner til dette, den same summen som i fjor. Men der det i fjor var ei open utlysing, der nær sagt alle kunne søkje, går dei i år for ein meir målretta bruk av pengane.

– Det er viktig for oss at pengane går til både fysisk rydding og til haldningsarbeid slik at det blir mindre å rydde i framtida. Vi ynskjer oss tiltak som engasjerer flest mogleg og som hjelper oss å nå målet i plaststrategien, som er ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ei slik utlysing er det friluftsråda og andre større natur- og miljøorganisasjonar i fylket som kan søkje om pengar. Friluftsråda vil igjen kunne hjelpe mindre aksjonar og tiltak i områda sine.

Det er sett av til saman ein million kroner til oppfølging av plaststrategien i budsjettet for 2023. 150.000 går til deltaking i tiltaket Plastutfordringa for dei vidaregåande skule. 50.000 kroner går til å følgje opp prosjektet Grøne Idrettsarrangement.

Lenkje til søknadsskjema blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen i løpet av våren.

I fjor kom det inn 22 søknader om støtte til plastrydding, og 16 av desse fekk støtte. (©NPK)