Dette kartet viser lynnedslaga klokka 8.13 i dag tidleg.

Lyn og torden herjar

Hus evakuert i Breim. E 39 stengt ved Fløtre.
Eit svært langvarig og kraftig tordenver , med store nedbørsmengder, har i natt og i morgontimane i dag gjeve store problem i indre deler av Nordfjord. Eit bustadhus på Kvile i Breim måtte evakuerast i seks-tida i dag tdileg på grunn av store vassmengder kring huset. E 39 på Fløtre stengde for ei tid sidan, på grunn av mykje vatn i vegbana. Elles er det mange obverfløymingar. Framleis er det kraftige tordenbyger, men dei er venta å avta utover dagen.