Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) oppfordrar dei som kan til å bruke den digitale løysinga på helsenorge.no. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Løysing med koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar er klart

Frå torsdag kan nordmenn som ikkje bruker PC, mobiltelefon eller nettbrett, bestille og få tilsendt koronasertifikatet.

– Frå i morgon kan dei ringje informasjonstelefonen for korona og få tilsendt koronasertifikatet i posten. Vi ønskjer likevel at flest mogleg brukar den digitale løysinga på helsenoreg.no, og eventuelt tek ei utskrift av sertifikatet heime, seier helseminister Bent Høie (H).

Når ein ringjer informasjonstelefonen, må ein oppgi personnummer, og koronasertifikatet vil bli sendt til folkeregistrert adresse. Det vil ikkje vere mogleg å sende koronasertifikatet til andre adresser enn den du er folkeregistrert på i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil ta om lag ei veke før sertifikatet kjem i posten. Sertifikatet er gyldig i 90 dagar frå utskriftdatoen.

110.000 nordmenn er såkalla ikkje-digitale og har ikkje moglegheit til å hente koronasertifikatet sitt på mobil, nettbrett eller PC, opplyste assisterande FHI-direktør Gun Peggy Strømstad Knudsen på ein pressekonferanse sist veke.