Lothe attvald som leiar for Vestland SV

I helga har det vore digitalt fylkesårsmøte i Vestland SV. Hege Lothe vart attvald som fylkesleiar. Ho fekk med seg Torunn Hole Olsnes som politisk nestleiar og Akhtar Chaudry som organisatorisk nestleiar.

Vestland SV meiner vi treng eit krafttak for distrikts-Noreg.

– Det trengst ein ny giv i distriktspolitikken. Ein ny distriktspolitikk må femne om utforming av attraktive lokalsamfunn og regionar, klimatilpassing, næringsutvikling, offentlege tenester, kulturtilbod, transport og infrastruktur. Då treng vi fleirtal for ei ny raud-grøn regjering ved valet til hausten, seier Hege Lothe i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestland SV er klar for stortingsval i både Hordaland og Sogn og Fjordane. I Hordaland står leiar i SV, Audun Lysbakken på topp, og den kjende Fagforbundet-tillitsvalde, Sara Bell, på andre plass. I Sogn og Fjordane er det Hege Lothe som står på topp.

Det nye fylkesstyret ser slik ut: Hege Lothe, leiar (Gloppen), Torunn Hole Olsnes, politisk nestleiar (Bergen), Akhtar Chaudry, organisatorisk nestleiar (Bergen), Audun Syltevik, økonomiansvarleg (Bergen), Anna Sofie Ekeland Valvatne, folkevald-ansvarleg (Stord), Linda Gangstøe, ny, fagleg ansvarleg (Bergen), Vibeke Johnsen, kvinnepolitisk ansvarleg (Sogndal), Åsmund Bertelsen, miljøpolitisk ansvarleg (Naustdal), Gaute Losnegård, distriktspolitisk ansvarleg (Askvoll), Tone Mjelde, ny (Osterøy), Bjørn Kåre Engseth, ny (Eidfjord), Camilla Ahamath (Bergen), Marthe Hammer, gruppeleiar på fylkestinget og Rasmus Madsen Berg (Vestland SU).