Lokkar med flotte premiar i veteranbilløpet søndag

Sandane Grand Prix, det tradisjonsrike veteranbilløpet på Sandanedagane, går av stabelen søndag. Denne gongen med svært flotte premiar.

Dei blankpussa doningane køyrer ei runde langs fjorden, der det er fleire postar med spørsmål og oppgåver.

Den som oppnår høgast poengsum på dette, kan sjå fram til å ta imot ein smart-TV på ikkje mindre enn 55 tommar, med ein rettleiande utsalspris i butikk på kring 6.500 kroner!

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er hovudpremien på veteranbilløpet på Sandane søndag.

Premiar blir det også til dei andre deltakarane, sponsa av det gåvmilde, lokale næringslivet.