Loen Skylift er ein gondolbane i Loen i Nordfjord. Den går omtrent frå sjønivå ved fjorden til fjellet Hoven 1.011 meter over havet. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Loen Skylift tapte logosak i lagmannsretten

Voss Gondol vann fram i ankesaka mot Loen Skylift. Bergen tingrett meinte at logoane til selskapa er for like, men lagmannsretten kom til ein annan konklusjon.

Loen Skylift saksøkte Voss Gondol i 2019 fordi dei meinte at logoen til konkurrenten var for lik.

Loen Skylift må betale selskapet på Voss om lag 1,7 millionar kroner for sakskostnader for behandlinga i tingretten og Gulating lagmannsrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)