Slik ser framsida av årets utgåve av Ljøren ut.

Ljøren følgjer spora frå føregåande år

– GPS er eit flott hjelpemiddel i snøkave og skodde, men eg går ikkje med båten i mørket lenger, seier Berit Skeistrand Tjoberg. Ho er kanskje den tøffaste dama i Gloppen, meiner Ljøren.

Berit Skeistrand Tjoberg bur nemleg i Skeistranda. Ho har berre seg sjølv og gummibåten å lite på når ho skal til og frå arbeid på Sandane i all slags vêr.

Ny motor

No har ho fått ein ny, stor påhengsmotor som fungerer skikkeleg godt. Då skal vêret vere svært dårleg før ho melder pass.

– GPS-en er god å ha i dårleg sikt, men eg går ikkje lenger i mørket når det er skodde eller snøkave, innrømmer ho.

Jau, det kan godt hende Berit Skeistrand er den tøffaste dama i Gloppen. Det kan ein lese meir om i den siste utgåva av Ljøren som også inneheld mykje meir. Her er 75 sider spekka med lokalt historisk stoff. Sjølv om årets utgåve er den 16. i rekkja, har ikkje redaksjonen det minste problem med å finne nye historier å fortelje.

Å endre på ei suksessoppskrift er ingen vits. Derfor går Ljøren opp att same spora som tidlegare, men kvart år med stoff som er heilt nytt for dei fleste.

Les heile saka i papirutgåva fredag.