Sofia Hyttedalen (17) og Kristine Strøm (18) håpar også lokalsamfunnet vil støtte Tanzania-prosjektet på Firda. Laurdag 27. oktober sel dei vaflar og kaker på Coop på Sandane.

– Livet vårt blir sett i perspektiv

Sofia Hyttedalen og Kristine Strøm er leiarar for Tanzania-prosjektet ved Firda vidaregåande skule. I sommar besøkte dei skulane som prosjektet støttar i Tanzania. – Livet blir sett i perspektiv når vi ser kor lite dei har, slår dei to elevane fast.



– Firda vidaregåande skule har ein venskapsskule i Tanzania som heiter Karitu, og i fleire år har vi samarbeidd med organisasjonen Aiducatius Foundation om å betre vilkåra for læring ved denne og fire andre skular i landet, fortel Sofia Hyttedalen.

Manglar mykje

Kvart år sender skulen to elevar til Tanzania i ti dagar. I august fekk Kristine Strøm og Sofia Hyttedalen vitje landet for å oppleve kulturen, besøke skulane dei støttar og møte menneske dei samarbeider med.

– Dette skuleåret er det vi som har ansvaret for prosjektet på Firda. Vi skal samle inn pengar gjennom å lage til ulike arrangement og aktivitetar, fortel dei.

– Korleis var det å besøke Tanzania?

– Vi hadde samla inn fotballdrakter, leikar og andre ting som vi tok med oss, og overrekte dette til dei skulane vi besøkte. Vi var innom fem skular. Mange av elevane måtte gå langt for å kome til skulen, nokre så langt som tolv kilometer. Ikkje alle skular var like godt utrusta. Ein del mangla både stolar, bord og bøker. Høgt på ønskelista deira stod mellom anna blyantar og bøker, fortel Kristine Strøm.



– Vi er svært heldige

Avstandane i landet var store, og korkje vegane eller bilane var særleg gode.

– Det vart ein del bilkøyring på humpete vegar, men det var verdt det. Vi vart godt mottekne på skulane, og alle var svært takksame for den innsatsen vi legg ned for å hjelpe dei. Ved fleire av skulane har dei fått vasstankar, og dette vatnet kan dei trygt drikke av i løpet av skuledagen. Vi fekk også vere med på safari, til ein marknad og ei kyrkje. I tillegg var vi innom ein barneheim, forklarer ho.

Etter turen til Afrika ser dei at nordmenn er svært heldige.

– Vi har reint vatn i springen, og bur i fine hus. Dei vi møtte budde i jordhus. Kontrastane er store. Ein av lærarane vi vitja hadde fjernsyn, men det var heilt uvanleg. Han hadde sikkert ordentleg toalett også. I andre hus var det berre eit hol i bakken, fortel elevane, og legg til at dei måtte lære korleis dei skulle bruke toaletta.

– Verka lukkelege

Alle dei møtte var både imøtekomande, gjestfrie og hyggjelege.

– Dei smilte og lo heile tida. Sjølv om dei har forsvinnande lite, verka det som dei er lukkelegare enn det vi er, kommenterer Hyttedalen.

Medan dei var i Tanzania, vart dei godt tekne vare på av vertsmora Bernadetta. Ho eig gjestehuset dei budde i.

– Ho vart som ei mor for oss. Reiseleiaren vår var ei svensk kvinne som jobbar for organisasjonen vi er knytt opp til, og ho hadde det praktsike ansvaret undervegs. I tillegg passa sjåføren godt på oss. Vi følte oss trygge og godt ivaretekne. Med på turen var også dei to Firda-elevane som var leiarar for prosjektet i fjor, fortel dei.

 

Strøm og Hyttedalen har mange idéar til korleis dei skal samle inn pengar til Tanzania-prosjektet i år.

– Vi har planlagt éin eller to aktivitetar per månad, og har lage ein komité med 35 elevar som har sagt seg villige til å hjelpe til ved dei ulike arrangementa. Vi skal selje kake, saft og kaffi på haustfesten ved skulen 26. oktober. Dagen etter skal vi selje vaflar, kaker, kaffi og saft på Coop Extra. Vi håpar mange har lyst til å støtte prosjektet, seier dei.

Det kan bli aktuelt å arrangere basar og bingo. Over nyttår har dei tenkt å skipe til konsert der inntektene går til Tanzania.

– Her håpar vi at elevane på musikklinja vil stille på, seier Sofia Hyttedalen, som sjølv går 3. musikk.

Kristine Strøm går idrettslinja, og håpar mange vil vere med på løpet «Spring for Tanzania».

– Her satsar vi på at heile skulen blir med, og så kan familiemedlemmer og andre sponse deltakarane med eit visst beløp for kvar runde dei legg bak seg. Eg trur ikkje det er blitt gjort på Firda før, fortel ho, og legg til at det blir spennande å sjå kven som spring lengst.

Jentene håpar at dei klarer å setje ny innsamlingsrekord i år. Då må dei samle inn godt over 100.000 kroner.

– Vi har oppretta ei ungdomsbedrift, og får innsikt i økonomi. Det er svært lærerikt å vere leiarar for Tanzania-prosjektet, seier dei.

 

I august reiste fire elevar frå Firda til Tanzania for å besøke skulane dei støttar. (Privat foto)