Illustrasjonsfoto.

Litt av kvart for politiet

Det var litt av kvart å gjere for politiet natt til 17. mai.

Av Twitter-meldingane til politiet i Sogn og Fjordane går det fram at det har vore ei travel natt. Vi saksar litt frå politiloggen av det som skjedde natt til 17. mai.

01:48 Florø: 18 år gammel jente som var overstadig rusa vart teken hand om av politiet i Storeåsen og køyrd til legevakta.

02:22 Måløy: Rusa mann i slutten av 20 åra laga bråk på ein utestad i Måløy. Politiet rykka ut og køyrde vedkomande heim.

02:26 Måløy: To menn, i høvesvis 20 åra og 40 åra krangla i Måløy sentrum. Politiet var på staden. Den eine vart bortvist frå sentrum.

03:35 Florø: Ei kvinne i 40 åra gjorde skadeverk i eit bustadområde. Då politiet kom fram, sparka ho eine tenestemannen. Sak er opprettetta.

03:45 Sandane: Ein mann i byrjinga av 20 åra laga problem på ein utestad. Politiet vart tilkalla og køyrde vedkomande heim.

04:15 Førde. To menn slost på Festplassen i Førde. Begge fekk pålegg av politiet som dei ikkje etterkom. Saka blir meldt.

04:41 Førde: Ein 18 år gammel gut vart meld for forulemping av offentleg tenestemann.

Illustrasjonsfoto.