Fylkesordførar Jenny Følling (Sp)

- Lite å glede seg over i NTP

– Dette var verre enn eg frykta og mindre satsing enn eg hadde trudd. Det er ingen nysatsingar i Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jenny Følling om Nasjonal transportplan 2018–29.



I ein uttale konkluderer ho med at dei store pengane i den nye nasjonale transportplanen går til satsingar i byområde og på jarnbane.

Bortsett frå oppstarta prosjekt på E16 Filefjellet og E39 Bjørset–Skei og skredsikring langs rv. 5 Kjøsnesfjorden, meiner ho det er lite å gle seg over for Sogn og Fjordane i den første åra i NTP-perioden.

Skredsikringa i Kjøsnesfjorden er fullfinansiert i første seksårsperiode.

- Dårlege signal for fylket
Når det gjeld investeringar i Sogn og Fjordane, så saknar fylkesordføraren satsing på E39 gjennom fylket, avklaring på Strynefjellet og tunnel gjennom Vikafjellet.

– Prosjekt langs E39 som er ferdig planlagde, er utsette til etter 2020. Det er heilt uforståeleg. Og at Strynefjellet og Vikafjellet er ute, er svært dårlege signal for fylket vårt. Vikafjellet har blitt endå viktigare no, når vi er på veg inn i ein ny region med Hordaland. Og Strynefjellet har store utfordringar både med skredsikring og tunnelar som etter tunnelforskrifta treng oppgradering i 2019, seier Følling.

Utanom Kjøsnesfjorden, er E39 Myrmel–Lunde det einaste prosjektet i Sogn og Fjordane som kan bli starta opp i løpet av første seksårsperiode. Regjeringa legg opp til oppstart i slutten av perioden, sjølv om planane er klare, og spaden kunne blitt sett i jorda i år.

- Utset viktige E39-prosjekt
Regjeringa legg opp til ei satsing på drift og vedlikehald på riksveg, noko som er både positivt og naudsynt for å redusere forfallet på vegnettet. Det er også stor satsing på utbygging av jarnbane og på kollektivtiltak i dei store byområda.

Regjeringa er også oppteken av å redusere kostnader og få meir att for pengane.

Viktige prosjekt langs E39 i Sogn og Fjordane er derimot utsette til etter 2024. Dette gjeld E39 Bogstunnelen–Høyanger grense, skredsikring av E39 Skjersura og Våtedalen, samt 1 mrd. kr til utbetring på strekninga Byrkjelo–Sandane.

E39 forbi Førde er ikkje med i planperioden, noko fylkesordføraren tykkjer er heilt uforståeleg.

- Stad skipstunnel positivt
Det som er positivt at det er lagt inn 500 mill. kr til strekningsvise utbetringar på rv. 52 Hemsedalsfjellet, men det er usikkert om noko av dette kjem i Sogn og Fjordane enno. Regjeringa slår også endeleg fast at Hemsedalsfjellet skal vere eitt av to hovudvegsamband mellom aust og vest nord for Haukeli. Vegen vert hovudveg for næringstrafikk. Skredsikring av E16 i Nærøydalen kjem heller ikkje før i siste 6-årsperiode.

Eit anna positivt element i den nye transportplanen er at Stad skipstunnel er fullfinansiert i planperioden og får oppstart i første seksårsperiode. Derimot er ikkje utdjuping av farleia inn til Florø hamn fullfinansiert i første perioden. Flora hamn burde også kome tidlegare i perioden for at næringslivet skal få full nytte av tiltaket.

- Hadde venta meir til skredsikring
Når det gjeld skredsikring på fylkesvegar, er tilskotet i snitt på 1 mrd. kr per år i perioden, men dei første seks åra er snittet 745 mill. kr, noko som betyr at det er på same nivå som i 2017. Her hadde fylkeskommunen venta ei auka satsing.

Sjølv om totalramma er kjent, veit vi førebels ikkje kor stor del av dette som kjem til Sogn og Fjordane.

Tilskot til fylkesvegar
Ordninga med tilskot til fylkesvegar, inkludert tunnelsikkerheitsforskrifta, vert vidareført. Men kompensasjonen som gjeld innføringa av tunnelsikkerheitsforskrifta på fylkesveg vert berre vidareført til 2019.

Dette slår uheldig ut for eit fylke som Sogn og Fjordane, med mange tunnelar, og der vi må gjera tiltak heilt til 2024.

Ordninga med tilskot til gang- og sykkelvegar som kommunar og fylkeskommunar kan søke på, vert vidareført, med ein eigenandel på 50 prosent som tidlegare.

Det er i tillegg føreslege ei tilskotsordning på 50 mill. kr årleg for å redusere flaskehalsar for tømmertransport på fylkesvegnettet.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •
Greitt med nytt heimefrå?

– Følgjer du oss på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.