Lege på Skei er koronasmitta

Ifølgje smittevernlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune, er tre nye koronasmitta registrerte i kommunen. Det er to i Naustdal og ein i Førde.

Ein av dei smitta arbeider som fastlege på Skei, opplyser Furnes ifølgje NRK. Ein av dei to andre arbeider som fysioterapeut i Førde.

Ein av legane på Skei legekontor er koronasmitta.

Jul og nyttår

Kommuneoverlegen seier til NRK at dei tre smittetilfella er knytte til jule- og nyttårsfeiring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har her fått god oversikt over moglege nærkontaktar hos kollegaer og pasientar, og desse er alle kontakta og sette i karantene, opplyser Øystein Furnes til NRK.

Han seier vidare at det er grunn til å vente meir smitte etter jul og nyttår.

Alt i alt er 60 personar no i karantene i Sunnfjord.

Ein av legane på Skei er koronasmitta, ifølgje smittevernlege Øystein Furnes.

Kontoret blir ope

Til Firda Tidend seier kommuneoverlegen at smitten på legekontoret vart konstatert torsdag, men at det vil få små konsekvensar for publikum.

– Vi vurderte å stenge kontoret då vi fekk den positive prøven, men kom til at det ikkje er naudsynt sidan det har vore lite kontakt mellom den smitta og dei andre på kontoret. Vedkommande har hatt kontakt med to av dei tilsette i ein lunsjpause, og dei to er sette i karantene. Også 10-12 pasientar er sette i karantene, seier Furnes.

– Vi er rimeleg trygge på at ingen andre er smitta og det er såleis heilt trygt å bruke legekontoret, seier Furnes som legg til at det ikkje er farlegare å oppsøke legekontoret på Skei enn eit kjøpesenter.