Frå og med laurdag 15. september er det lov å tenne bål. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Laurdag kan du tenne bål igjen

Laurdag blir det generelle bålforbodet oppheva i skog og mark.

På grunn av skogbrannfare er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.

– Retten til å tenne bål i skog og mark er ein viktig del av allemannsretten. Så lenge ein viser bålvit og er obs på skogbrannfare, er det berre å komme seg ut, seier generalsekretær Bente Lier i Norsk friluftsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om forbodet er oppheva, minner Lier om at det kan vere utvida forbod i område der det har vore lite nedbør. Samtidig åtvarar han om at det er viktig å ta forholdsreglar før ein tenner opp bål.

– Du må alltid forsikre deg om at det er trygt å tenne bål der du er. Ver obs på vêr- og vindforhold og sløkk godt etter deg. I tørre periodar med stor skogbrannfare kan kommunane innføre lokale forbod, også no på haust- og vinterstid.

Det er også viktig å hugse på å ha eigna sløkkjemiddel tilgjengeleg og sørgje for at bålet ikkje er større enn at du har kontroll på det. (©NPK)