Foto: Sjur Systad Tyssen/NRK.

Person er send til Haukeland med kritiske skadar

Ein lastebil og ein varebil har kollidert på E39 ved Eikås ungdomshus i Jølster, melder Vest politidistrikt på X kl. 09:44 torsdag.

– Ein person i personbilen og den har store skadar. Det står fram som ei alvorleg ulykke. Naudetatane rykkjer ut til staden, opplyser politiet.

Klokka 09:53 melder politiet at vegen er heilt stengd, og at luftambulanse blir send mot staden: – Hendingsforløpet er per no ikkje kjent. Det er ein person som er fastklemd og det blir jobba med frigjering og førstehjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kl. 09:58 er politiet framme på staden: – Førar av lastebilen er vaken og medviten. Ikkje mogleg per no å seie kor lenge vegen blir stengd. Det dreiar seg om ein front-mot-front- kollisjon. Blir framleis jobba med frigjering av førar av personbil.

Kl 11:00 skriv politiet at vegen framleis er stengd og vil halde fram med å vere det ei god stund framover: – Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg, vil vere der om ca. 1 time. Førar av personbil er medvitslaus og er no teken om bord i redningshelikopter, blir frakta til Haukeland universitetssjukehus.

NRK opplyser at føraren av varebilen er ein mann i 40-åra. Han er kritisk skada. Føraren av lastebilen, ein mann i 20-åra, er vaken og bevisst, men er send til legevakta i Førde.

Det er 70-sone på staden der ulykka hende. Vegbana var våt på ulykkestidspunktet.

Vi oppdaterer saka.