Lasta ned store mengder barneporno

Ein mann frå Nordfjord er dømd til 120 dagar fengsel.

Ein mann frå Nordfjord er dømd til 120 dagar fengsel for å laste ned både bilete og filmar som framstiller seksuelle overgrep mot barn.

Mannen som knapt er fylt 20 år, slepp sone straffa i fengsel. Dommen i Fjordane tingrett er i staden knytt til at han i prøvetida gjennomfører ungdomsoppfølging i konfliktrådet innan ein periode på ni månader.

Tiltalen omfatta nedlasting av 20 bilete og 61 filmar med born i seksuelle situasjonar med vaksne og seksuelle poseringar m.m. Det vart også funne 353 animert filmar med tilsvarande innhald.

Tiltalte forklara at han brukte eit spesielt nedlastingsprogram som anonymiserte brukaren. Det gjorde han for å få tilgang til gratis dataspel. Linken han nytta gav også tilgang til barneporno som dukka opp som ein ”pop up”. Han klikka seg inn og vart sjokkert over det han såg, men søkte seg likevel djupare ned i innhaldet og lagra det på sin eigen datamaskin.