Eit langt, fargerikt og fyldig barnetog frå Sandane også i år.

Langt og fargerikt barnetog på Sandane

Det var svært stor oppslutning om barnetoget på Sandane dette året.


Det går alltid eit langt og folkerikt barnetog på Sandane når nasjonaldagen vår blir feira. Slik var det også dette året. Og alltid er musikantane med på å prege dagen.



Klokka ni presis starta toget frå Heradsplassen. Ruta gjekk som alltid til Kleivedammen med Gloppen Omsorgsenter som endestasjon. Også her vart tradisjonane følgt opp. Det var allsong og deretter programinnslag på rekkje og rad. Først ut var Sandane skule, før turen kom til barnehagane på Sandane og rundt fjorden. Appellen for dagen var ved Hussain Mohammadi. Deretter var det song ved Maya Lysholm Daviknes som er elev ved Gloppen ungdomsskule.





Sjølv om vêret var kjøleg, og det var regn i lufta, var det svært god oppslutning, og barnetoget var langt og fyldig som tidlegare år. Ein flott tradisjon er det, og veldig kjekt at folk bryr seg om nasjonaldagen, pyntar seg i sin finaste stas og gjer det til ein festdag.

Samlinga ved Gloppen Omsorgsenter vart avslutta med allsong der «Gud signe vårt dyre fedreland» vart framført.Festen vart dette året leia av Hilde Nødset og Birte Fossheim. Om ettermiddagen var det folkefest i kultursalen i Trivselshagen med god oppslutning. Her var Eid-ordførar Alfred Bjørlo festtalar. Han heldt også tale under festkvelden på Rygg.
Festtalar i Breim var Hege Lothe, på Vereide Hallgeir Hansen, i Hyen Marion Solheim, på Nesjane og Austrheim Mariel Eikeset Koren og i Bukta Magni Aa Berge.

Sandane skule underheldt ved Gloppen Omsorgsenter
Drillkorpset gjorde fin innsats. Her får dei ein pause.
Trøytt russ strør russekort.