Ein gang- og sykkelveg burde for lengst ha vore på plass mellom Sandane sentrum og Bukta. Det er fleire farlege punkt langs strekninga, som her i Hansensvingen.

Langt fram for gang- og sykkelveg Vonheim-Bukta

 


– Det er eit langt lerret å bleike. Tiltaket er ikkje kome med på fylkeskommunen si prioriteringsliste, opplyste rådmann Jan Kåre Fure i Gloppen formannskap sist veke.


Det er stor trong for ein gang- og sykkelveg langs fv. 615 frå Vonheim og sørover. Tiltaket er med i dei godkjende reguleringsplanane, men arbeidet kan ikkje gjerast utan at fylkesvegen samstundes blir endra slik reguleringsplanen føreset. Dit ser det ut til å vere langt fram.

 

– Tidsspørsmål

 


– Eg har ikkje lyst til å sleppe saka enno. Vi bør sjå på om det er mogleg å forskottere planarbeid og prosjektering og ta delar av strekninga. Eg kunne ha tenkt meg ei sak på det, sa Arnfinn Brekke, KrF.

 


Han har arbeidsstaden sin ved SFE i Bukta, og har ved fleire høve sjølv fått erfare at ein gang- og sykkelsti ville betre tryggleiken både til mjuke og harde trafikantar på den omtala strekninga.

 


Anniken Rygg, Høgre, sa seg samd med Brekke.

 


– Det er noko med å ha prosjekteringa klar viss det skulle bli ledige midlar. Har vi ferdige planar, kan vi rykke fram i køen. Dette er ein strategi som blir valt andre stader i kampen om løyvingar. Gang- og sykkelvegen er viktig å få på plass, det er eit tidsspørsmål før det skjer noko alvorleg. Vi kan ikkje utvikle området kring og berre sjå på at vegen ligg som han gjer i dag, sa ho.

 


Forskottering

 


Ragnar Eimhjellen, Venstre, hekta seg på debatten.

 


– Vi må halde det varmt. Folk må sjå at vi arbeider med saka og kome i gang med planlegginga. Denne bør vi kunne forskottere, meinte han.

 


Per Jarle Myklebust, Sp, lanserte nye tankar om korleis ein kan finansiere det heile.

 


– Det spørst om vi må tenkje i retning bompengering. Vi kjem ikkje unna ein betydeleg eigeninnsats, sa han og viste til den nærmast totale mangelen på vegmidlar i fylket dei komande åra.

 


Kontakt med vegvesenet

 


Etter framlegg frå Brekke og Myklebust, vedtok eit samrøystes formannskap å gje rådmannen i oppdrag å ta kontakt med Statens vegvesen for å få utgreidd korleis ein kan få fortgang i arbeidet med fv. 615 med tilhøyrande gang- og sykkelveg frå Vonheim til avkøyrsla mot Øvre Sørstranda.

 


Rådmannen skal òg utgreie mogleg kommunal forskottering av heile eller delar av prosjektet.