Langope på Sandane i kveld

Torsdag held butikkane på Sandane langope. Dørene stengjer ikkje før klokka 22.00.

I tillegg til gode tilbod, lokkar dei næringsdrivande med musikk i sentrum, aktivitetar i regi av russen og trekking av tre gåvekort à 1.000 kroner mellom alle som handlar for 200 kroner eller meir.

Fleire gode grunnar til å ta seg ein tur til Sandane i kveld, altså...