Ytre Fure. Foto frå søknad til Kulturminnefondet.

Landemerke får ein halv million

Kulturminnefondet har løyvd 500.000 kroner til våningshuset frå 1914 på Ytre Fure på Stadlandet.

Tilskotet skal brukast til å renovere tak med mellom anna gjenbruk av skifer, nytt sutak og nytt takrennesystem, opplyser Kulturminnefondet i ei pressemelding.

– Til stor glede

Midt i kryssingspunktet mellom to reiseopplevingar ligg garden Ytre Fure. Der fartar skipstrafikken fordi kvar dag og held våningshuset ytst på Stadlandet som eit viktig landemerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes er garden ein av stoppestadene for dei mange fotturistane som besøkjer naturlandskapet igjennom kupert landskap på smal sti. Våningshuset blei bygd i 1914 og ligg så vanskeleg til at det ikkje er bilveg inn til garden.

Torstein Fure er dagens eigar, etter at tippoldefaren Jetmund Jetmundsen kjøpte halve Ytre Fure tilbake i 1856. Sidan då har familien halde garden open for ålmenta.

– Det har ikkje vore økonomisk vinst knytt til det, men eg trur gjestfridomen har vore til stor glede for dei mange besøkande, seier Fure i pressemeldinga.

Taket på huset skal renoverast med hjelp av midlar frå Kulturminnefondet.

– Kulturmiljø er spora etter oss menneske og natur, og med Ytre Fure ser vi spor av gardsdrift, vi ser spora etter seglarane og vi ser spora etter turistar som vil oppleve både natur og husmannsplass i eitt og same område, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Tine Sundtoft.

La ned ein stor innsats

No skal Torstein Fure i gang med å renovere taket med gjenbrukt skifer, han skal legge nytt sutak, utbetre takkonstruksjonen og lage nytt takrennesystem, samt andre beslag.

Han er allereie i gang med førebuingane i eit krevjande område, då noko skifer må erstattast etter tida si tæring på steinen. Det blir kravd planlegging og styrke for å frakte desse utan motorkraft sidan næraste parkeringsplass er 2,4 km unna, på garden Indre Fure.

– Far min, Håkon Fure, gjorde ein stor innsats for å ta vare på garden og historia, fram til sin død i 2011. No har eg som mål at Ytre Fure skal bevarast som historia om korleis kyst- og fiskarbøndene livnærte seg på slike plasser, fortel Fure

– Vi er sikre på at Ytre Fure skal stå som eit minne om fortida også i framtida, og det er vi glade for å kunne bidra til, seier Tine Sundtoft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Interessa for å ta vare på kulturminne er rekordstor, og per juli 2021 er søknadsmengda større enn i fjor, opplyser Kulturmminefondet.