Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) synest det er utfordrande å vere sjef for nedlegginga av pelsdyrnæringa. Foto: Carina Johansen/NTB scanpix.

Landbruksministeren: – Pelsdyr er ei dritsak

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) legg ikkje skjul på at ho synest nedlegginga av pelsdyrnæringa er ei av dei vanskelegaste sakene ho har på bordet.


– Pelsdyr er ei dritsak, sa landbruksministeren frå talarstolen under landsmøtet til KrF på Sola fredag.


Utanfor landsmøtehotellet vart ho møtt av demonstrantar frå pelsdyrnæringa då ho kom, og ho vart òg utfordra om pelsdyr frå talarstolen.


Bollestad er i ein skvis i saka. På den eine sida representerer ho det største pelsdyrfylket i landet (Rogaland) og eit KrF som har eit landsmøtevedtak om å behalde næringa. På den andre sida er ho sjef for arbeidet med å legge ned heile næringa, noko Venstre fekk gjennomslag for under regjeringsforhandlingane på Jeløya.


Saka dreier seg no om kva for ei overgangsordning og kompensasjon bøndene som må legge ned pelsdyrverksemda si, skal få. Forslag frå regjeringa til ei slik ordning har vore ute på høyring, men har fått ein del kritikk for å vere for lite raus.


– Eg har lese kvart einaste høyringssvar, 343 stykk. Det sterkaste er å lese om enkeltpersonar og enkeltfamiliar som no slit med å sove fordi dei er redde for å miste næringa, og som ikkje klarer å omstille seg der dei bur, sa Bollestad.


– Eg seier det er ikkje noka lett oppgåve. Men eg skal gjere så godt eg kan. (©NPK)