– Regelverket er veldig lett. Ved knappleik av egg, skal forbrukarane prioriterast. Det er eg ikkje heilt overtydd om at Nortura har gjort. Og det vil eg til botnen i, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Landbruksministeren fører vidare tollfritak for import av egg

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) fører vidare null toll på import av egg for å løyse eggmangelen her i landet.

Nortura har fleire gonger bede om, og fått, tollnedsetjing på import av egg. For nokre dagar sidan sa departementet ja til å setje ned tollen på heleggmasse. No blir også tollfritaket vidareført på skalegg, skriv Aftenposten.

Dermed kan industrien få det dei treng frå utlandet. Samtidig kan egga frå norske gardar brukast til å fylle hyllene i matbutikkane, skriv avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nortura som marknadsregulator skal no granskast for å undersøkje om dei har selt egg til industrien i staden for å sørgje for levering til butikkane. Er det tilfellet, har Nortura brote regelverket.

– Regelverket er veldig lett. Ved knappleik av egg, skal forbrukarane prioriterast. Det er eg ikkje heilt overtydd om at Nortura har gjort. Og det vil eg til botnar i, seier Pollestad til avisa. (©NPK)