Frå Multek-utvalet si synfaring nyleg.

Lagerbåsar i Mona

Lesarinnlegg av Odd Eide: 

Sit og les Firda Tidend av 20.11.18 om bygging av lagerbåsar i Mona.

Det undrar meg at rådmannen har gått inn for dispensasjon, når vi veit kor strenge krav det er til bygging på/nær fortidsminne.

Eg bur sjølv nær gravhaug på Ulvesbakken og veit kva restriksjonar og krav til bygging og graving nær fortidsminne betyr.

Dersom vi skal bevare Eidegarden som kulturminne for framtida, må det ikkje kome opp ein 97 meter lang, 4,70 meter høg og 5 meter djup betongmur (lagerbås) mot det verneverdige området.

Tiltakshavar bør heller vurdere å sette opp eit tilpassa bygg, som samtidig skjuler litt av det som elles ligg ute, som t.d. rør, betongvare, småmaskiner m.m.

Eg reagerer også på at Mundal, som er tilsett hjå tiltakshavar – i Multek-utvalet – kjem med litt merkelige uttaler som at; «ein må ta inn over seg kva det vil bety viss det ikkje vert gjeve dispensasjon», og at «eg tenkjer på totalen – viss vi ikkje får løyve – korleis skal vi då bruke området».

Eg les dette som ein trussel – får eg det ikkje som eg vil – så!!!

Det var bra at Multek-utvalet utsette saka.

Mitt håp er at vi i framtida vert spart for skjemmande betongbåsar nær Eidegarden i Mona.